Profilera · Skilt, dekor og profilering · Stord og Husnes
Be om tilbod utan å ha løysinga klar.
Profilera lagar skilt, bildekor, profilklede og grafisk design frå Stord og Husnes. Den nye nettsida og førespurnadsflyten er bygde rundt eitt prinsipp: kunden treng ikkje kjenne produktnamn eller leverandørar for å be om tilbod.

Eit skilt heng i mange år
Profilera sin eigen måte å jobbe på er tydeleg: det som skal synast, må vere rett første gong. Behovet blir avklart før nokon teiknar, korrekturen godkjend før produksjon, og monteringa planlagd som ein del av jobben.
Nettsida og bestillingsflyten skulle spegle den arbeidsmåten – og gjere det enkelt å starte, sjølv for den som ikkje har løysinga klar.
«De treng ikkje ha løysinga klar.»
«Kva treng de?»
Kunden vel kategori – klede med logo, profilartiklar og gåver, bildekor, messe og arrangement, skilt og dekor eller grafisk design. Den som er usikker, skildrar oppgåva med eigne ord og får forslag.
Klede, bilar og messe kan samlast i éi sending. Ingen prisar på nettsida – svaret er eit ekte tilbod frå Profilera, og det som manglar, blir spurt om etterpå.

Éin kategori om gongen
Under «Skilt og dekor» kryssar kunden av for fasadeskilt, lysskilt, innandørs skilt, folie eller universell utforming – så mange som trengst. Så kjem detaljar og filer, og til slutt ei oppsummering før sending.
Har kunden logo, kan han sjåast på produkta undervegs. Ferdige kombinasjonar som «Messe frå A til Å» og «Opning eller ny butikk» tek kunden gjennom fleire kategoriar i rekkjefølgje.

Tilbod, korrektur og framdrift på éin stad
Førespurnaden endar på kundesida. Der kjem tilbodet med alternativ, kunden godkjenner når det stemmer, korrekturen blir kontrollert før produksjon, og framdrifta er synleg undervegs.
Kundesida blir opna med ei personleg invitasjon, og ein loggar inn med passord eller lenkje på e-post. Avtalekundar bestiller direkte frå sitt eige sortiment.

Det me har levert
Prosjekta er sorterte på fagområde – skilt og dekor, universell utforming, bildekor, interiørfolie, messe – og på stad, Stord eller Husnes. Berre ekte foto frå eigne leveransar; visualiseringar og monteringsbilete er merkte.

Gjer verksemda synleg.
Uttrykket er bygd på Profilera sitt eige arbeid: mørke foto frå verkstaden og monteringane, den blå profilfargen som einaste aksent, og store, korte setningar på nynorsk.
To avdelingar, éi nettside: Stord og Husnes med kontakt og kart, fagartiklar under Aktuelt, kampanjesider som julegåver til tilsette – og «Spør oss» nedst i hjørnet.

Det vi bygde
Nettside
Framside, tenester, referansar, aktuelt, om oss, jobb og kontakt – på nynorsk, med to avdelingar.
Førespurnad
Kategori → detaljar og filer → sjå over og send. Fleire behov i éi sending, eller skildra med eigne ord.
Kundeside
Tilbod med alternativ, godkjenning, korrektur og framdrift. Innlogging med passord eller e-postlenkje.
Driftsportal
Same stad for dei tilsette, slik at kunde og verkstad ser det same.
Referansar
Prosjekt med ekte foto, filter på fagområde og stad, og søk.
Skjermbilete
Frå dei opne sidene på profilera.no.



Tenestesida «Skilt og dekor» – kvar teneste har eiga side med døme og «Be om tilbod». På mobil: be om tilbod og kundeportalen.
Skjermbileta er frå dei opne sidene på profilera.no. Innlogga kunde- og driftsportal inneheld kundedata og er ikkje vist.
Neste steg
Treng de ein enklare veg frå førespurnad til tilbod?
Fortel kort korleis kundane tek kontakt i dag. Vi svarar med kva som er realistisk å byggje – og kva det vil krevje.
Bilete: Skjermbilete frå profilera.noAlle skjermbilete er frå dei opne sidene; foto på sidene er Profilera sine eigne.
